Kjempepers av Andreas på 400m – 46.50 og tredje raskast i Norge gjennom tidene

(30.05.2021) Sprintprestasjonane toppar oppsummeringa av veka som gjekk – Andreas Haara Bakketun får topp-oppslaget i hard konkurranse med Even Meinseth. Under Framolekene søndag klinka Andreas til med 46.50 på 400m flatt – pers med nesten eit sekund og opp på tredjeplass i Norge gjennom alle tider bak Karsten Warholm og Quincy Douglas. Med dette er Andreas klar for EM U23 i Tallinn i juli og vi reknar også med at han er på det norske laget til EM for landslag i rumenske Cluj-Napoca om tre veker. Klar for landslaget reknar vi også med at Even Meinseth er etter flott pers 10.47 på 100m under eit stemne i spanske Granada. Even løp like godt på 10.47 to gonger i kveld – i +1.7 i forsøket og +1.4 i finalen der han vart nr. 3.

Frå Framolekene tar vi elles med at Andreas løp 200m på 21.33 fredag og 400m hekk på 54.14 laurdag. Tore Akerlie persa til 8:32.45 på 3000m og klarte dermed NM-kravet. Sivert Sellevold løp 200m på 23.08 og Erlend Hognestad Nilsen løp 100m på 11.52, medan Sebastian Rolland viste stabil form i spyd med 59.13, vel meteren bak persen frå forrige helg. Timmi Anderl persa til 1:58.68 på 800m og nærmar seg kravet til junior-NM (U23) på 1:58.49.

På Bykarusellen onsdag vann Adele Henriksen 10km på sterke 34:41, og vart berre slått av ein herreløpar. På 5km vart Ken-Tony Johansen nr. 4 med 15:54, medan Elin Farestveit (17:48) og Amalie Joensen (17:51) sørga for Gular-dobbel i kvinneklassen.