To gull og eit sølv på stafett-NM

(23.05.2021) Mange fine Gular-prestasjonar i ei hektisk friidrettshelg! Under stafett-NM i Stavanger vann Gular-sprintarane både 4x100m og 4x400m. På den kortaste distansen vart det ny kretsrekord på 40.49 for kvartetten Jacob Vaula, Andreas Haara Bakketun, Even Meinseth og Sondre Gjesdal). Dette er berre 9/100 bak Moss sin norske rekord frå 1997, og dei sletta den gamle klubb og kretsrekorden på 40.95 frå 1996. Her vart andrelaget nr. 5 på 43.60. På 4x400m vart det gull på sterke 3:13.73, berre 65/100 bak kretsrekorden frå 2002 og den tredje beste tida av eit Gular-lag nokon gong. På laget løp Sivert Fløgstad Sellevold, Sebastian Plows, Tor Kringstad Vedde og Andreas Haara Bakketun. Andreas har hatt eit tett program i det siste, torsdag løp han 400m hekk på pene 52.78 i eit sololøp i Arna. Den tredje medaljen under stafett-NM gjekk til damelaget på 4x800m, som tok sølv på 9:29.19 ved Amalie Joensen, Kjersti Fresvik, Tuva Thomassen Fagerbakke og Ingrid Kristiansen.

Under Per Halle Invitational i Tønsberg vart det fin pers til Ine Bakken med 9:25.22 på 3000m, berre Ingvill Måkestad Bovim har løpt fortare i Gulardrakt. Marius Vedvik var med i eit sterkt felt (kanskje det beste feltet med berre nordmenn nokon gong, NM unntatt) på 5000m, og måtte sleppe teten på dei siste rundane. Han kom inn på 13:49.12 og 6.plass, faktisk hans beste tid på norsk bane. 13:49.12 er inga dårleg tid, men vi trur Marius kjem sterkare utover i sesongen, vi håpar også at Bjørnar Sandnes Lillefosse snart er konkurranseklar.

Men vi har ikkje berre løparar i klubben, 15. mai sette Sebastian Wichstrøm Rolland frå Gular og Hovding ny U20-klubbrekord i spyd med fine 60.70 under eit kaststemne på Skansemyren.

På bildet: 4x100m laget: Even, Andreas, Sondre og Jacob