Mange persar på Arne Risa Classic og juniorrekord av Adele

(16.05.2021) Som tidlegare år vart det sett mange persar under Arne Risa Classic 12. mai. Ein av dei sterkaste prestasjonane på stemnet kom ved Andreas Haara Bakketun (bildet), som persa til 21.20 på 200m – fjerde best i Hordaland gjennom tidene. Med denne sterke sesongopninga nærmar han seg kretsrekorden til Quincy Douglas (21.01 frå 2000) og trenar Erlend Sæterstøl sin U23-kretsrekord på 21.07 frå 1995.

3000m var som vanleg den mest populære øvinga. Etter at Sondre Hoff hadde gjort ein fin harejobb i 1600m, tok Marius Vedvik over og gjorde mesteparten av drajobben på dei siste rundane. På oppløpssida måtte han sjå seg slått av unge Simen Halle Haugen frå Runar, som persa til 7:57.18, medan Marius fekk 7:58.15 – hans tiande løp under 8:00! Mats Hauge hang med teten heilt til sisterunden, og persa til fine 8:01.20 sjølv om beina var frykteleg stive på dei siste metrane denne gongen. I B-heatet persa Johannes Teigland til 8:25.39 og Matias Andersen Førde til 8:28.64 og i C-heatet klarte nyinnmelde Tore Akerlie nesten NM-kravet då han tok ein klar siger på 8:37.59.

Ingrid Kristiansen tok ein klar siger i kvinneklassen på 3000m med solid pers 9:42.85, og vi fekk også fleire under NM-kravet på 10:14.99: I A-heatet løp Amalie Joensen, som hadde kravet frå før, på 10:14.51, og i B-heatet leverte Kjersti Fresvik sitt beste løp på fleire år med 10:06.97. Her klarte også Johanne Sveen Wessel kravet med 10:14.40 i sin debut på bane. Det var også fleire persar bakover i feltet på 3000m både for menn og kvinner.
På 800m kom Timmi Anderl under 2:00 for første gong med 1:58.77 og nærmar seg junior-NM-kravet (U23-klassen) på 1:58.49.

Under Åsane halvmaraton onsdag sette Adele Henriksen ny norsk bestenotering for junior (U20) med 1:15.48. Ho vart nr. 7 totalt i løpet. Vi noterer også hyggeleg comeback etter skade av Nikolas Jon Aarland, som vart nr. 2 på 1:12.22, berre tre sekundar bak vinnaren. Daniel Beeder tok ein fin femteplass på 1:15.13.

Nokre av sprintarane hadde tatt turen til Leikvang tysdag, der 100m og 300m stod på programmet. På 300m vart nyinnmelde Sebastan Plows nr. 2 på 35.47 og Sivert Sellevold nr. 3 på 36.03, pers på begge, og Erlend Hognestad Nilsen fekk 11.48 på 100m.