Bjørnar og Marius under 8:00 på 3000m

(23.02.2021) Under eit stemne i Leikvanghallen i dag løp Bjørnar Sandnes Lillefosse og Marius Vedvik ein svært sterk 3000m, og begge klarte EM-kravet på 8:00. Etter flott harejobb av Anders Bjørndal frå Gneist i vel 1500 meter heldt våre to beste langdistanseløparar farten oppe resten av vegen, og Bjørnar viste seg som den sterkaste på sisterunden. Tidene vart 7:58.01 og 7:58.41. Bjørnar slo dermed utepersen sin frå i fjor, og var berre 14/100 frå Marius sin innandørs kretsrekord. Også flott løp av Matias Førde som persa med 7 sekundar til 8:28.71. EM-tur blir det neppe på våre to løparar, til det er det for mange andre som har klart kravet.

Laurdag løp nyinnmeldte Eivind Trym Wikshåland ein pen 3000m i Bærum og persa solid til 8:14.62, her fekk Eldar Thomassen Fagerbakke 8:22.64 som er eit par sekundar bak utepersen, og laurdagen før det igjen løp Even Meinseth og Jacob Vaula 60 meter på pene 6.75, også i Bærum, Even vart dømt først av dei to.