Jacob raskast i sesongstarten

(10.01.2021) Det vart eit spennande oppgjer på 60m under Nornaraketten i Leikvanghallen i dag. Nyinnmelde Jacob Vaula (midt i bildet tatt på NM i fjor) var raskast på 60m med 6.82, pers med heile 12/100 og dessutan kretsbestenotering i menn junior-20 (den gamle junioralderen for oss som har levd ei stund). Even Meinseth (til venstre på bildet) var like bak med 6.84 som er berre hundredelen bak innepersen – i lovleg medvind ute noterte Even 6.71 i fjor. Desse tidene kom i forsøket, Jacob stod over superfinalen der Even vann på 6.86. Det vart pers eller tangering på alle våre løparar, Andreas Haara Bakketun kom under 7.00 for første gong med sterke 6.94 i superfinalen. Sondre Lindaas Gjesdal tangerte fjorårspersen på 7.14 i superfinalen, Sivert Fløgstad Sellevold persa med 7.25 i forsøket, heile 19/100 under gamlepersen frå 2018, og nyinnmelde Sebastian Plows fekk 7.38 i superfinalen som var pers med ein hundredel.

Sivert og Andreas tok seg også tid til litt hopping, Sivert persa til 3.03 og vann lengde utan tilløp, medan han og Andreas vart nr. 2 og 3 i den litt uvanlege øvinga tresteg utan tilløp med hhv. 9.15 og 8.99. Det ville vere veldig fint om vi i løpet av inneseongen kunne få tre resultat til i lengde utan tilløp – då er vi langt på veg til å ordne opprykk frå 2. divisjon i lagserien (tresteg utan tilløp er dessverre ikkje ei øving som kan brukast i serien).