Sterkt løp av Bjørnar på Hytteplanmila

(18.10.2020) Våre løparar held koken utover hausten, med fleire sterke resultat på landevegen. Under Hytteplanmila i går leverte Bjørnar Sandnes Lillefosse nok eit sterkt løp og vart nr. 3 på 28:45, i eit løp der topp 3 var dei same som på 10000m på Fana for ein månad sidan. Johannes Teigland var også med og vart nr. 38 på pene 31:07.

Heime i Haugesund tok Mats Hauge ein klar siger (vel minuttet føre neste løpar) i tradisjonsrike Djupadalten på 28:17, her vart Daniel Jacobsen nr. 5 på 30:13. Marus Vedvik sett løyperekord i halvmaraton i Fana på 1:06.11, og søskena Espen (som spring for Fri) og Amalie Joensen løp stafett på Brakvatnet halvmaraton og var første lag i mål på 1:13.46. Her vann Ingrid Revheim halvmaraton på 1:28.36. Vi tar også med at sist helg tok Ine Bakken ein fin sjetteplass i NM terrengløp lang løype i Skien.