Gull til Marius og Adele under NM halvmaraton

(04.10.2020) Under NM halvmaraton på Jessheim laurdag vart det to gull til Gular. Marius Vedvik vann herreklassen på pene 1:04.41 etter eit spennande oppgjer med Isaac Tesfamichael frå Leksvik og Eivind Øygard frå Jølster. Haren Sigurd Ruud Skjeseth drog i jamt tempo til rundt 13 km, og deretter vart det eit til tider taktisk oppgjer sjølv om farten i tetfeltet heldt seg oppe. Eivind måtte sleppe på dei siste kilometrane, og nokre hundre meter før dei svinga inn igjen på stadion rykka Marius frå Isaac og vann med 11 sekundar. Marius har jo gode minne frå Jessheim stadion frå før – i 2014 vann han 5000m under NM der. Dette var Marius sitt tiande individuelle NM-gull, og med det har han like mange som trenar Arne Risa. Marius har eit gull på halvmaraton frå før, nemleg frå Trondheim i 2016. Vi tar også med at han løp sin nest beste 1500m nokon gong i Tønsberg tysdag (3:45.67). Våre andre løparar på halvmaraton gjorde det også bra: Martin Finne nr. 10 på 1:08.07, Magnus Sirnes Hjellum nr. 14 på 1:08.24 og Johannes Teigland nr. 33 på 1:11.31, etter det vi kan sjå var det pers på dei to sistnemnde.

I dameklassen gjorde unge Adele Henriksen eit flott løp og kom inn på tredjeplass totalt med 1:16.31, som er pers med vel tre minuttar og ikkje minst beste tid nokon gong i Norge i U20-klassen (ingen offisiell rekord her). I NM halvmaraton er senior og U23 to ulike klasser, og dermed vart det gull i U23-klassen, men ingen medalje i seniorklassen på 18-årige Adele. Det vart også persar på Amalie Joensen (nr. 13 på 1:21.47) og Hilde Brennskag (nr. 24 på 1:26.09). På 10km i Norgesløpet same dag og stad persa Ine Bakken til flotte 34:32, som er beste Gulartid på mila dette året, uansett underlag, og gav ein tredjeplass totalt. Elin Hanevik persa også og fekk 38:13 på niandeplass. Ine og Marius skal i aksjon på NM terrengløp lang løype i Skien komande søndag, og begge burde ha gode medaljesjansar. Marius har for øvrig aldri tatt gull på den distansen!

Onsdag arrangerte Gular Hoka One Bykarusellen Perseløp (5 km) med start og mål i Nygårdsparken, og dette viste seg å vere ei rask løype. I dameklassen tok Gular 7 av dei første 10 plassane, og Ingrid Revheim vann eit jamt oppgjer mot Maike Verhofstad frå Gneist (18:08 og 18:09). Elin Hanevik tok tredjeplassen med 18:21. Raskast av våre i herreklassen var Ken Tony Johansen som vart nr. 11 på 16:11.

I helga var det også veteran-KM på bane på Os, og her tok våre veteranar totalt 17 gull og 7 sølv. Av resultata nemner vi 11.15 med seniorkula av Thomas Mellin-Olsen, som no stiller i klassen 40-44 år. Mestvinnande vart Frank Kvinge med 4 gull i klassen 65-69 år.