Ine persa igjen: 16:27.20 på 5000m

(27.09.2020) Banesesongen nærmar seg slutten no etter NM, men vi har hatt ein del løparar i aksjon denne helga også. Under Kvalheim-mila på Bislett laurdag persa Ine Bakken nok ein gong på 5000m, no til 16:27.20, i eit miksløp der ho hadde god drahjelp av Johannes Teigland. Frida Berge sin klubbrekord på 16:17.27 burde vere innan rekkevidde neste år! Marius Vedvik løp også 5000m på same stemne, men fekk det tungt i siste del av løpet og kom inn på 14:38.38. Ingrid Kristiansen og Eldar Thomassen Fagerbakke hadde tatt turen til Sandnes og Høstlekene utan den heilt store suksessen på 1500m- 4:32.82 på Ingrid og 3:59.32 på Eldar – andreplass på begge to. Sondre Gjesdal vann 100m og 200m på Oslekene (11.35 i motvind laurdag og 22.15 i motvind -1.1 søndag i tilnærma sololøp). 22.15 er berre 6/100 bak utandørspersen, sterkt når ein tar omsyn til forholda.

Tysdag denne veka stod den litt uvanlege distansen 1000m på programmet i Arna, her vann Sondre Hoff på pene 2:26.74 medan Matias Førde vart nr. 4 på 2:31.67, begge tider som er minst på nivå med persane dei har på 800m og 1500m. Sondre Gjesdal var med også her og vann 100m på 11.25. Amalie Joensen løp 5000m på 17:36.71 som er like bak persen.