NM på Fana: 2 gull+ kretsrekord på 10000m!

(20.09.2020) Gular gjorde ein flott innsats under helgas NM på Fana. Totalt 2 gull, 3 sølv og 3 bronse vart det på dei raude og gule etter tre fine haustdagar på Fana, og sist klubben tok så mange medaljar i NM var i Kristiansand i 2012. Medaljerekordane for klubben er 10 (3 gull, 3 sølv og 4 bronse) frå Moss 1990 og 6 gull og 1 sølv frå Stjørdal 1989. På klubbrankingen over medaljar vart Gular nr. 3 eller 4, alt etter korleis ein måler dette. Tjalve var suverene med 9-3-6, og Vidar var også føre oss med 2-6-2, medan det kan diskuterast om Sandnes sine 3-1-0 er betre enn våre 2-3-3.

Fredag tok Even Meinseth sitt første senior-NM-gull utandørs då han akkurat heldt unna for Matias Hove Johansen frå Skjalg (tider: 10.69 og 10.70 i lett motvind). Dette var også første Gular-gull på distansen nokon gong. Sjølv hadde Even eit sølv på distansen frå 2015 som einaste individuelle senior-NM-medalje utandørs frå før. På 400m vart det sølv og bronse til Andreas Haara Bakketun (47.89) og Tor Kringstad Vedde (48.21), medan Torbjørn Lysne vart nr. 6 på 49.60. Sivert Fløgstad Sellevold vart slått ut i forsøket, men persa til 49.51. På 100m vart Erlend Hognestad Nilsen slått ut i forsøket. På 5000m var det roleg tempo i starten i det beste heatet. I ein hard innspurt vart Bjørnar Sandnes Lillefosse nr. 3 på 14:03.98 og Marius Vedvik nr. 5 på 14:04.82. Bjørnar tok faktisk klubbens første bronse på 5000m nokon gong. På 5000m for kvinner vart det pers på alle våre. Ine Bakken persa til 16:29.01 og vart nr. 5 i A-heatet og totalt. I B-heatet vann Hilde Brennskag på 17:22.64 føre Ingrid Revheim, som drog det meste av løpet og fekk 17:23.54. Amalie Joensen vart nr. 5 i heatet på 17:34.18. Totalt vart desse tre nr. 11, 12 og 16. På 1500m fekk vi heile fem mann til finalen, medan Matias Andersen Førde vart utslått. Ingrid Kristiansen gjekk også greit til finale på same distanse.

Laurdag tok Mats Hauge sølv på 1500m på 3:46.99. Vidare vart Jacob Boutera nr. 5 på 3:48.27, Sondre Hoff nr. 8 på 3:52.43, Johannes Teigland nr. 9 på pers 3:53.63 og Eldar Thomassen Fagerbakke nr. 10 på pers 3:54.89. Ingrid Kristiansen vart nr. 8 i eit lureløp på 1500m med 4:41.66. Seinare på kvelden vart både Sondre og Ingrid slått ut i forsøket på 800m. Ine vart nr. 5 på 3000m hinder i sin debut på distansen (10:29.81) etter frisk satsing frå start. På 200m gjekk Andreas greit til finalen, medan Sondre Lindaas Gjesdal og Sivert vart slått ut i semifinalen og Erlend vart slått ut i forsøket. Sivert sette utepers med 1/100 i forsøket då han løp på 22.98.

Søndag tok Andreas sitt andre sølv for helga med 21.79 på 200m, og i spyd vart Sebastian Wichstrøm Rolland nr. 10 med 56.26. 10000m vart eit ‘drama i tre heat’, og Gular var representert i alle tre. I C-heatet var Magnus Sirnes Hjellum nr. 2 og best av våre på 31:09.91, like bak persen. Persar vart det derimot både på Johannes Teigland (31:14.60 og nr. 5 i heatet), og Ivar Stefansson på plassen bak (31:15.36). I B-heatet fekk Eldar Thomassen Fagerbakke det litt tungt på slutten og vart nr. 2 på 30:50.98 i sin første 10000m. Han overtok no familierekorden frå pappa Per Thomas også på denne distansen. Så var det klart for A-heatet. Det gjekk fort frå start, og relativt tidleg i løpet danna det seg eit tetgruppe på tre mann: Zerei Mzengi, Narve Gilje Nordås og vår eigen Bjørnar Sandnes Lillefosse. Zerei stakk frå dei andre litt etter halvveges, og på den siste kilometeren fekk også Narve ei luke til Bjørnar. Bjørnar spurta godt på sisterunden og kom inn på knallsterke 28:23.46 – med god margin beste bronsetid i NM nokon gong. Med det vart han også historisk då han forbetra Arne Risa sin etter kvart legendariske kretsrekord på 28:24.41 frå EM i Helsinki 1971, den gong også norsk rekord. Bjørnar persa med heile 42 sekundar og er no nr. 11 på distansen i Norge gjennom tidene, nokre få hundredelar bak Arne sin harde konkurrent Per Halle. På 10000m for damer gjorde både Adele Norheim Henriksen (nr. 6 på 34:56.10) og Ingrid Revheim (nr. 11 på pers 36:43.01) gode løp. Adele var 12 sekundar bak persen frå Kristiansand tidlegare i år, som det ser ut som ikkje blir godkjent som norsk juniorrekord på grunn av mannleg hare. Dette får vi få sortert ut ved høve – uansett trur vi Adele ordnar opp i denne floka i sitt neste løp på distansen!

Så vart det klart for siste øvinga: 1000m stafett for menn. Gular var favorittar, men på stafett kan ein aldri ta noko for gitt. Even og Torbjørn sørga for leiing etter to etappar, men ein litt sliten Andreas måtte gje ein del meter til Skjalg sin 200m-vinnar Matias Hove Johansen. Tor tok jamt og trutt innpå og tok teten ved utgangen av siste sving, men mjølkesyra melde seg med full styrke på dei siste metrane. Heldigvis heldt det til mål og med 1:54.18 var vi 16/100 føre Skjalg. Dette var Gulars tiande gull på distansen – det forrige kom i Askim i Quincy sin siste sesong 2007. Vi noterer også at veteranen Torbjørn Lysne no har NM-gull på alle sprintstafettane.

Bildet viser den gamle og den nye rekordhaldaren på 10000m.