Gularjentene dominerte Knarvikmila

(06.09.2020) Denne helga har våre aktive deltatt to stader – Knarvikmila og Karabinlekene på Fana stadion. På Knarvikmila vart det Gularsiger i dameklassen både på 5 og 10 km. På 5km vann Ine Bakken på løyperekord 16:41.9, Ingrid Revheim vart nr. 4 på 17:40.9, Amalie Joensen nr. 5 på 17:42.8 og HIlde Brennskag nr. 6 på 17:57.1. På plassane 9-12 finn vi Kjersti Fresvik, Hannah Bjelland, Åshild Teigland Tepstad og Stine Mari Taule. På 10km søndag vart Adele Norheim Henriksen nr. 2 på 34:58.6 På 5km vart Johannes Teigland nr. 5 på 14:48.2, Ivar Stefansson nr. 6 på 15:36.8 og Thomas Myklebust Heggøy vart nr. 10.

På Karabinlekene fredag vann Andreas Haara Bakketun 400m hekk på årsbeste og junior-19 klubbrekord 53.00. Søndag måtte han slå seg knepent slått av Tor Junor Kringstad Vedde på 400m (47.96-48.04). Her sette Torbjørn Lysne årsbeste på 48.95. Elles løp Erlend Hognestad Nilsen 100m og 200m på 11.45 og 23.23 (motvind på begge), og Sebastian Wichstrøm Rolland kasta 53.45 i spyd.