Mats Hauge er no raskare enn Arne Hamarsland – 1500m på 3:39.69 på Bislett på stor Gular-kveld!

(03.09.2020) Under kveldens løpsstemne på Bislett leverte nok ein gong våre løparar flotte prestasjonar. På 1500m var dei tre første i mål dei same som på 1 engelsk mil på den magiske kvelden i Arna for nokre veker sidan (bildet) , og det vart pers på alle tre. Narve Gilje Nordås frå Sandnes vann med 3:39.15, føre våre to sterkaste kort på distansen, Mats Hauge på 3:39.69 og Jacob Boutera på 3:41.08. Sondre Hoff vart nr. 6 på 3:49.94 og kom dermed under 3:50 for første gong. Med dette passerte Mats endeleg Arne Hamarsland sin legendariske 3:39.8 frå 1958 på klubbstatistikken, og han har no berre 44/100 ned til Ove Talsnes sin 32 år gamle klubbrekord og 93/100 ned til Lars Ove Strømø sin 35 år gamle kretsrekord. Jacob avanserte til femteplass på klubbstatistikken.

På 3000m kom også kretsrekorden under press. Marius Vedvik er tilbake i form, og persa til 7:54.56 som er nest best i Gular og Hordaland gjennom tidene og 78/100 bak den 39 år gamle kretsrekorden til Anfin Rosendahl. Dette flotte løpet heldt berre til tredjeplass i eit jamt heat der heile åtte nordmenn løp under 8:00, det trur vi ikkje har skjedd før. Bjørnar Sandnes Lillefosse persa til 7:59.56 og vart nr. 8. Med dette er han også raskaste løpar frå Strandebarm gjennom tidene, med ei tid to sekund raskare enn Sverre Sørnes noterte for eit halvt århundre sidan.

Sist laurdag var det ny-opning av Osterøy stadion, og sprintarane våre leverte gode prestasjonar. På 200m var medvinden akkurat litt for sterk til å få godkjent tidene (+2.1), men både Sondre Lindaas Gjesdal (21.99) og Sivert Fløgstad Sellevold (22.61) løp sin raskaste 200m nokon gong. Erlend Hognestad Nilsen vart nr 3 på 23.02. På 300m sette Andreas Haara Bakketun junior-19 klubbrekord med 34.69. Tysdag hadde Tor Kringstad Vedde tatt turen til Lillehammer, og viste stabil form med å vinne 400m på 48.37.

Dei fire Gularløparane på bildet frå mile-løpet i Arna er frå venstre Jacob, Sondre, Bjørnar og Mats. Marius var ikkje med i det løpet.