Spennande stafett-duell på Gneistspelen

(26.08.2020) Det har vore relativt stille på konkurransefronten etter junior-NM i Kristiansand, men likevel ein del å skrive om. I helga var det Gneistspelen på Fana stadion. For ein gong skuld var det stafett i seniorklassen på eit vanleg stemne, og det vart ein frisk fight mellom Gular og Gneist på 4x400m. Gular var favorittar og tok heim sigeren, men fekk hardare kamp enn venta. Startmannen Sivert Sellevold tapte litt til Gneist, men på andre etappe løp veteranen Torbjørn Lysne Gular til tet inn mot veksling. Andreas Haara Bakketun heldt Gular i tet på tredje etappe og sende Tor Kringstad Vedde ut på ankeretappen med Gneist hakk i hæl. Tor løp ein sterk etappe (etappetid 47.5) heldt unna for unge Thomas Strønstad-Løseth frå Gneist, og i mål skilde det 17/100 (3:16.72 og 3:16.89). Dermed overlevde både kretsrekorden til Gular og klubbrekorden til Gneist dette løpet. Elles frå Gneistspelen noterer vi 11.40 av Erlend Hognestad Nilsen på 100m, 2:03.61 av Timmi Anderl på 800m og pers 4:34.11 av unge Daniel Måkestad Fadnes på 1500m.

Ingrid Kristiansen sette årsbeste på 800m med 2:12.24 og vann løpet under KM for Rogaland i helga, medan 1500m ikkje gjekk like bra (4:36.07). På Bislett tysdag persa Johannes Teigland til pene 3:55.46 på 1500m, medan Ine Bakken var like bak pers på 3000m med 9:33.18.

På Flyplassløpet sist onsdag vart klubben også godt representert. På 10 km vart Adele Henriksen nr. 2 med 35:54, deretter følgde Ingrid Revheim med 38:09, og fjerdeplassen gjekk til Hilde Brennskag med 38:20. På 5km vart Arne Kalland-Olsen og Ivar Stefansson nr. 2 og 3 (15:49 og 15:53), og Hannah Bjelland og Kjersti Fresvik nr. 5 og 6 (19:17 og 19:26). Frå dei djupe skogar i Innlandet tar vi med at veteranen Hallvard Nilsen tok sin niande (!) siger på rad i Krystallmarsjen på Magnor etter å ha vunne ein spurtduell.