Tre gull og tre bronse på junior-NM

(16.08.2020) Fasiten for Gular etter junior-NM i strålande sommarvêr på det blide Sørland (Kristiansand) var tre gull og tre bronse og dessutan to persar.
Gullmedaljane gjekk til Andreas Haara Bakketun på 200m og 400m i U20-klassen, og til stafettlaget vårt (Erlend Hognestad Nilsen, Daniel Alejandro Johnsen, Sivert Fløgstad Sellevold og Andreas). Dessutan vart det bronse til Andreas på 400m hekk og til Daniel på 100m og 200m i U23-klassen. Kortsprinten gjekk i motvind så tidene vart ikkje dei heilt store. Andreas vann greit 200m på 21.76 og 400m på 48.30, mens det vart mykje bom på hekkane på 400m hekk og dermed berre bronse på 55.25. Daniel fekk notert og 11.15/22.38 i finalane på 100m og 200m (og 11.23/22.16 i forsøksheata), medan Erlend vart nr. 6 på 100m (11.52 etter 11.39 i forsøket) og utslått på 200m med 23.16. Sivert persa i forsøket på 400m U23 (49.61 som også er under NM-kravet for senior), og vart nr. 6 i finalen med 49.85. Maria Sæterstøl persa også – med to sekundar på 3000m i U20 og vart nr. 9 på 10:45.59, medan Tuva Fagerbakke Thomassen vart nr. på 800m U23 med 2:22.75 som er snaue tre sekundar bak persen. Spydkastar Sebastian Wichstrøm Rolland vart nr. 6 i U20-klassen på 55.92 som er vel to meter bak persen.

Stafettlaget løp på 1:55.02 som er vel halvsekundet bak klubbrekorden i U23-klassen, og faktisk på hundredelen same tid som Gular vann junior-NM (U21 den gongen) på i 1995, med dagens trenar Erlend Sæterstøl på 200m-etappen på Åkrestrømmen. Daniel løp Gular til tet på andre etappe, og sjølv om Sivert måtte sleppe ein mann forbi seg på slutten, fekk Andreas eit godt utgangspunkt. Han tok teten tidleg på bortre langside og var 84/100 føre Tyrving i mål.

På bildet – stafettlaget saman med trenar og helgas lagleiar. Frå venstre framme: Andreas, Daniel, Erlend og Sivert. Bak: Erlend Sæterstøl og Per Godvik.