DRØYMEMIL I ARNA

(13.08.2020) På ein fin og magisk sommarkveld i Arna vart det levert fantastiske prestasjonar på den litt uvanlege distansen 1 engelsk mil (1609.34m). Det å løpe denne distansen på under 4 minuttar har vore omtalt som ‘drøymemila’ sidan lenge før Roger Bannister vart første mann under 4:00 med sitt legendariske 3:59.4-løp i 1954. På førehand var det annonsert at både kretsrekorden (Lars Ove Strømø 3:59.10 1985) og klubbrekorden i Gular (4:00.8 Arne Hamarsland 1959, sett på same dato det året) kunne bli slått. Og løparane innfridde og vel så det. Etter flott harejobb av Osterøys Trygve Feidje Mjelde i 900 meter tok Narve Gilje Nordås frå Sandnes og Team Ingebrigtsen over teten og heldt den til mål, med 3:56.62 går han inn som sjette beste i Norge gjennom tidene med 3:56.62 (og toppar dermed årets noko amputerte verdsstatistikk!). Like bak følgde våre to beste 1500m-løparar: Mats Hauge 3:57.25 (krets og klubbrekord) og Jacob Boutera med 3:57.38. Dei er då nr. 7 og 8 i Norge gjennom tidene. Bjørnar Sandnes Lillefosse hang godt med heile vegen og melde seg også inn i sub-4:00 klubben med 3:59.81 som gir 11.plass i Norge gjennom tidene. Lenger bak måtte Sondre Hoff gjere jobben sjølv, men jobba godt heile vegen og kom inn på 4:07.22. 1500m-passeringane fortel også mykje om prestasjonane: Mats 3:41.84 (nest beste løp nokon gong), Jacob 3:42.12 pers, Bjørnar 3:43.66 (pers med nesten 4 sekundar!) og Sondre 3:50.90 (pers med nesten 6 sekundar!). Hadde løpet vore 1500m så hadde det jo blitt pers med endå fleire sekundar, og då trur vi mellom anna at Bjørnar hadde slått Sverre Sørnes sin ‘Strandebarm-rekord’ på 3:42.9!

På bildet frå venstre: Anders Bjørndal, Gneist (klubbrekord 3.44.18), Narve, Jacob, Sondre, Bjørnar, Mats, og haren Trygve.

Elles sette Torbjørn Lysne årsbeste og banerekord på 200m med 22.04 og Timmi Anderl persa til 2:00.66 på 800m.