Norsk juniorrekord av Adele på 10000m!

(08.08.2020) Denne flotte friidrettshelga starta alt på torsdagen med hinderfestival på Fana. Her sette Gulars eigen Ine Bakken ny kretsbestenotering på 2000m hinder med 6:46.02 i sitt første hinderløp i karrieren. Vi håpar løpet gav meirsmak, og minner om at det har vore tynn deltaking på 3000m hinder i NM dei siste åra. Den gamle bestenoteringa var på 6:50.15 og var sett av Frida (Berge) Reiersølmoen på UM i 2011. Frida løp nokre år seinare på 9:56.79 på full distanse (3000 m hinder), og den kretsrekorden overlever nok årets sesong. På 200m flatt var Andreas Haara Bakketun uimotståeleg på oppløpssida og 21.44 i lett medvind (+1.0) var like bak årsbeste. Nærast kom sprintgruppas ‘Grand Old Man’, Torbjørn Lysne, som med 22.05 viste at han vil kjempe om finaleplass og plass på stafettlaget i årets NM. Tor Kringstad Vedde persa nok ein gong til 22.11, medan Daniel Alejandro Johnsen fekk 22.16 som er like bak årsbeste.

Fredag gjorde unge Adele Henriksen eit fantastisk løp og sette norsk juniorrekord på 10000m under Stadionmila i Kristiansand med 34:44.7. Dette var 5 sekundar under den gamle juniorrekorden frå 2015 og 8 sekundar under Eli Anne Dvergsdal sin gamle klubbrekord. Adele passerte 5000m på 17:30 og løp såleis siste halvdel av løpet 15 sekundar fortare enn den første, og ho vann dessutan dette E-heatet (mix) klart, noko som gjer prestasjonen endå meir imponerande. Mats Hauge følgde opp med 4.plass på 800m på solid pers og kretsårsbeste 1:50.02 på same stemne. Marius Vedvik hadde ein dårleg dag på 10000m og kom i mål på ei tid over halvtimen etter å ha hengt med teten i rundt 3000 meter.

Laurdag vart Jacob Boutera nr. 2 på 1500m under Østlandsmesterskapet på Jessheim med årsbeste 3:42.80, berre 5/100 bak fjorårspersen. I same heat persa Sondre Hoff til 3:56.29. Johannes Teigland persa til 3:57.05 og vann B-heatet klart, hans første løp under 4:00. På 400m årsdebuterte Torbjørn Lysne på distansen og fekk notert 49.25, 3/10 bak Leon Douglas, son til klubbrekordhaldar Quincy. Andreas Haara Bakketun løp sin første 400m hekk for sesongen og fekk bokført moderate 54.85, vi håpar hekkeformen er inne til junior-NM neste helg.