Kjempepers av Mats Hauge: 3:40.01!

(02.08.2020) Under eit stemne i finske Kuortane laurdag gjorde Mats Hauge eit kjempeløp på 1500m med 3.plass på 3:40.01. Dette er pers med over tre sekundar og mindre enn eit sekund bak Ove Talsnes sin 32 år gamle klubbrekord på 3:39.25. Teten passerte 400-800-1200 på 58.4-1:58.8-2:57.4 med Mats snaue sekundet bak på alle passeringane, og ein siste 300 på rundt 42 sekundar førte haugesundaren inn til pers og 20.plass på den norske alle-tiders-statistikken. Even Meinseth persa også i Kuortane (3.plass på 100m med 10.49 i vind+1.7), men var ikkje nøgde med løpet som førte han opp på 18.plass på den norske alle-tiders-statistikken.

Søndag hadde to av sprintarane våre tatt turen til Sandnes og Windsprint der. På 400m vart det ein hard kamp mellom Andreas Haara Bakketun og Tor Kringstad Vedde. Tor gjekk hardt ut og leia til det var under 10 meter igjen, men Andreas pressa seg føre han i mål og fekk 47.87. Tor persa til 47.93 og vart med det Gularløpar nr. 8 under 48.0 gjennom tidene.