Mange persar på Fana denne onsdagen også

(29.07.2020) Gular og Gneist held fram suksessen med Corona-stemne. På stemne nummer fire i rekka vart det nok ein gong mange persar på løpsdistansane, og stemnet samla brei deltaking frå aktive frå både Sørlandet, Austlandet og Trøndelag i tillegg til dei lokale. På 200m var Andreas Haara Bakketun raskast med 21.72 i lett medvind, her persa Tor Kringstad Vedde med 19/100 til 22.21 og «veteranen» Torbjørn Lysne er i framgang, 22.33 vart det denne gongen. Både Torbjørn og Tor gjorde i tillegg fine harejobbar på 800m seinare på kvelden. På den distansen var Kristoffer Grindedal raskast av våre med årsbeste 1:55.61, medan Johannes Teigland persa med 1/100 til 1:56.96 og tok heim sigeren i B-heatet med det. Også fin pers av Timmi Anderl som fekk 2:02.08.

3000 var den mest populære distansen på stemnet med heile fem herreheat og to dameheat, og også øvinga med det høgaste nivået. I det knallsterke A-heatet gjorde Marius Vedvik nok eit solid løp, men 7:57.83 heldt berre til fjerdeplass denne gongen. Jacob Boutera persa med sekundet til 8:05.24, men var ikkje heilt nøgd med det. Bjørnar Sandnes Lillefosse gjorde sitt første løp i årets utandørssesongen og fekk pene 8:06.35. Alle tre har nok meir inne. I B-heatet noterer vi oss at Eldar Thomassen Fagerbakke, som framleis har sommarovergang til Bøler, persa igjen, 8:20.01 vart det denne gongen. Matias Andersen Førde har persa på alt frå 800 til 10000 i år, og det vart nok ein pers (8:37.36) på jølstringen denne gongen. Solide persar vart det på Daniel Jacobsen (8:55.55) og Ken-Tony Johansen (8:57.30), begge kom under 9:00 for første gong. Daniel Måkestad Fadnes fekk 9:55.37 og var litt bak persen. I dameheata var det flott løping på alle våre: Ine Bakken (bildet) persa med knappe fem sekundar til 9:31.72 og tok ein sterk andreplass i heatet. Ingrid Kristiansen løp sin beste 3000m i Gulardrakt med 9:59.06, og Maria Sæterstøl persa solid til 10:47.38.