Massepersing på Bislett, Jacob raskast på 1500m

(15.07.2020) Under kveldens sommarstemne på Bislett vart det mange persar på våre løparar. Persing på midt-i-veka stemne på Bislett var eit velkjent fenomen på 70-,80- og 90-talet og er det fortsatt. Når utøvarar frå ulike delar av landet møtest i hovudstaden ein sommarkveld går det unna!

På 1500m var det flott løping av fleire, med plsseringane 1-2-4 i det beste herreheatet. Etter flott harejobb av Håkon Mushom i 900 meter tok Mats Hauge over føringa, men då klokka ringte for siste runde tok Jacob Boutera (bildet) teten og heldt den til mål. Jacob fekk 3:43.03 som er like bak pers og Mats persa til 3:43.37. Imponerande av to løparar som hadde lengre treningsavbrekk i haust/vinter på grunn av skade. Desse to tok NM-medalje på 1500m i hhv. 2018 (Mats) og 2019 (Jacob) og vil nok vere med i medaljestriden i 2020 også! Mats løp seg også inn på klubbens eksklusive 10-på topp liste på distansen og skubba dermed ein annan haugesundar, John Harris Christensen, ut av topp-10. Marius Vedvik gjorde også eit solid løp og vart nr. 4 på 3:45.91. Vidare fekk Sondre Hoff 3:58.35 som er like bak pers, Johannes Teigland persa til 4:01.82, Daniel Jacobsen fekk 4:08.72 og Ragnar Nersten persa til 4:09.73. Ine Bakken gjorde også eit sterkt løp og persa med heile fem sekundar til 4:32.05.

På 100m var Even Meinseth i storslag og vann både forsøk og finale, med 10.39 (+2.4) i forsøket og pers 10.51 i finalen. På 400m pressa Tor Kringstad Vedde årsbestetida ned til 48.76, og på 10000m løp Magnus Sirnes Hjellum på pene 31:32.96 og dermed er også han klar for NM. Ein sterk 10000m leverte også Matias Andersen Førde på Førde stadion onsdag, då han kom inn på 31:48.48 i sitt første løp på distansen. Dermed klarte han også NM-kravet, sjølv om det var uklart ei stund om tidene kunne godkjennast på grunn av manglande sarg på bana i sunnfjordbyen, men det siste vi har høyrt er at tidene i løpet blir godkjent.