Sterk løping på Bislett

(08.07.2020) I kveld hadde vi mange aktive i aksjon på Bislett og eit par i Arna. Fasiten vart to nye NM-kvalifiserte og to persar. Under stemnet på Bislett årsdebuterte Tor Kringstad Vedde med pene 48.81 på 400 meter, og sunnmøringen viste med det at han nærmar seg 2018-formen. Sterk løping også av Robin Wathne Nedrehagen, som vann B-heatet på 800 meter med 1:54.93, pers med snaut sekundet og 6/100 under NM-kravet. I A-heatet på 800 meter fekk veteranen Kristoffer Grindedal notert årsbeste med 1:55.67. På 200 meter gjorde Even Meinseth eit bra løp og vann på 21.53 i eit heat der alle var eit stykke bak årsbeste. Det er lenge sidan Even har slått Mathias Hove Johansen på 200m, men det gjorde han i kveld. Sondre Lindaas Gjesdal fekk 22.35 i same heat, men snubla ved målpassering og skada seg dessverre slik at han no er ute for resten av sesongen. 3000m meter vart også ei hyggeleg øving, med solide persar både på Sondre Hoff (8:22.91) og Eldar Thomassen Fagerbakke (8:21.01, har ferieovergang til Bøler). Eldar overtok også familierekorden frå pappa Per Thomas. På 800m for kvinner vart det årsbeste 2.12.57 på Ingrid Kristiansen medan Tuva Thomassen Fagerbakke noterte 2:21.94.

I Arna vart det årsbeste på 400m til Sivert Fløgstad Sellevold med 50.34, NM-kravet på 49.75 er innan rekkevidde! Superveteranen Morten Solheim noterte 12.25 på 100m.

På bildet ser vi Even til venstre og Tor til høgre, tatt etter ei treningsøkt i Grimstad