Flott 1500-pers av Ingrid: 4:24.45!

(03.07.2020) Under eit løpsstemne i Sandnes i kveld slo Ingrid Kristiansen til med solid pers på 1500m: 4:24.45. Dette er pers med vel 5 sekund, og fører henne opp på fjerdeplass gjennom tidene på klubbstatistikken. Ingrid var berre 17/100 bak Christina Toogood som var raskaste kvinne i Sandnes denne kvelden. Tidlegare i veka løp Ingrid på 2:14.38 åleine under eit stemne i Stavanger under ikkje altfor gode forhold. På bildet ser vi Ingrid som nr.3 frå venstre, Christina Toogood heilt til venste og trearen Vilde Våge Henriksen til høgre.

Under eit stemne på Os 25. juni kasta 18-åringen Sebastian Wichstrøm Rolland frå vår samarbeidsklubb Hovding 58.10 med seniorspydet. Dette er pers med nesten 7 meter, klubbrekord i junior-19, og kanskje aller viktigast: 10 cm over kravet til NM senior. Det er ein del år sidan vi har hatt ein kastar i herreklassen NM-kvaifisert, den forrige var så vidt vi kan sjå Inge Tansø som kasta spyd for Gular under NM i Tønsberg i 2013. I Hovding er det solid klubbrekord med det nye spydet, men med det gamle spydet er klubbrekorden der 61.42 frå 1965 – den blir nok også passert etter kvart!