Ny flott kveld på Fana – sterk 10000 og mange nye NM-kvalifiserte

(01.07.2020) Det siste av Gular og Gneist sine Korona-stemne skapte nok ein flott kveld på Fana stadion. Toppen var sjølvsagt 10000m med internasjonalt nivå, men masse-persing på fleire distansar og for Gular sin del fire nye NM-kvalifiserte gjorde at dei aller fleste gjekk glade heim. Kveldens høgdepunkt var sjølvsagt A-heatet på 10000m. Etter flott harejobb av Sindre Buraas (14:15 på 5000), heldt tetfeltet fram i same fart, men tetfeltet krympa etter kvart og både vår eigen Marius Vedvik og alle triathletane måtte etter kvart sleppe. På sisterunden viste Zerei Mzengi frå Stavanger FIK seg som den sterkaste, og den norske meisteren vann på 28:23.86 føre Norges toppløpar på maraton Sondre Nordstad Moen (28:25.55). Dermed var banerekorden frå Hellas-Norge landskampen i 1980(!) historie. Marius kom inn til femteplass på 29:04.66, hans tredje beste løp nokon gong og beste på norsk bane. Så får vi tru at det byr seg fleire sjansar til å slå trenar Arne Risa sin 49 år gamle kretsrekord på 28:24.41 utover sommaren.

I B-heatet løp ‘veteranane’ Ivar Stefansson og Tomas Windheim jamnt heile vegen, og klarte NM-kravet med god margin (31:39.41 og 31:44.75). Ivar debuterte på distansen, medan Tomas løp over halvminuttet fortare enn den gamle persen frå 2012. Og, Ivar har no betre pers enn Therese Johaug! Også flott debut på distansen av ein av våre løparar frå Odda, Ken Tony Johansen, 32:34.06 er hans beste løp nokon gong alle distansar sett under eitt. I C-heatet løp ein annan odding, Daniel Fadnes (fyller 16 seinare i år) på 36:07.74.

På 5000m for kvinner kom alle våre tre under NM-kravet på 18:00, Adele Henriksen løp på 17:25.72 som er kretsrekord i jenter 18 år, Hilde Brennskag fekk 17:44.09 og heldt såvidt unna for spurten til Ingrid Revheim (17:44.16). Elles vann Mats Hauge 800m på si beste tid for Gular, 1:53.13, medan Matias Førde persa til 1:58.30 og Timmi Anderl persa til 2:02.94. PÅ 300m hekk vann Andreas Haara Bakketun med 37.32, medan det vart 35.62 på Torbjørn Lysne og 361.7 på Sivert Sellevold på 300m flatt.