Sterk sprint av Even

(30.06.2020) Det har vore mange Gular-løparar i aksjon dei siste dagane, både på Lillehammer og Bislett. På Lillehammer i helga tok Even Meinseth heim samanlagtsigeren på Veidekkesprinten etter fire fine løp på kortsprint. På 60m og 150m laurdag vart det kretsbestenoteringar (6.71 og 15.56), og på dei meir vanlege distansane 100m og 200m på søndag vart det 10.52 og 21.21, begge løpa i litt for sterk medvind. På 200m var det imidlertid kraftig motvind i svingen. Even vann 60m og 100m, men vart så vidt slått av Mathias Hove Johansen på dei to lengste distansane. Søndag var også Daniel Alejandro Johnsen med og fekk bokført 10.88 og 21.75 i litt for sterk medvind.

Måndag og tysdag hadde store delar av friidretts-Norge samla seg på Bislett til Boysen memorial. På 5000m måndag vart det persar på alle våre. Jacob Boutera gjorde comeback etter langvarig skade og fekk notert pene 14:12.29. Han forbetra dermed den tre år gamle persen med nokså nøyaktig eit minutt (!), og dette lovar bra for resten av sesongen for jus-studenten. Den konkurranseglade jølstringen Matias Førde persa solid nok ein gong og fekk bokført 15:00.59, berre 6/10 bak NM-kravet. I neste løp på ein av distansane 1500m eller lenger reknar vi med at han tar NM-kravet. Johannes Teigland har klart NM-kravet på 3000m, og persa her til 15:04.64. Våre tre løp i kvar sine heat. Heatet til Johannes vart vunne av Eldar Thomassen Fagerbakke, som i sommar ferierepresenterer Bøler IF. Med 14:39.99 persa han med over halvminuttet og slo pappa Per Thomas sin familierekord med vel 2 sekund. I dameheatet gjorde Ine Bakken eit kjempeløp og vart nr. 3 på 16:30.34, pers med rundt 40 sekundar og berre 13 sekundar bak klubbrekorden til Frida Berge (no Reiersølmoen).

Tysdag var det 100m, 200m og 800m for våre. På 100m vart det 10.98 på Daniel og 11.02 (pers) på Sondre Lindaas Gjesdal, og på 200m fekk desse to notert 22.11 og 22.27, her var Andreas Haara Bakketun raskast av våre med 21.88. Alle hadde godkjent medvind i sine løp. På 800m vart det 2:22.16 på Tuva Thomassen Fagerbakke, og flotte persar på dei tre gutta som var med: 1:55.85 på Robin Wathne Nedrehagen, 1:55.89 på Sondre Hoff, og 1:59.54 på Oddne Teigenes.