Kjempeløp av Andreas: 47.44 på 400m!

(21.06.2020) Andreas Haara Bakketun sin råsterke 400m på Fana i dag avslutta ei veke med mange sterke Gular-prestasjonar. Med 47.44 forbetra han både sin eigen pers (48.95) og Sondre Dingsør sin junior-19 klubbrekord (48.96) med halvanna sekund, og det er litt av eit jafs på ein såpass kort distanse!

Vi startar oppsummeringa av dei andre stemna på Fana onsdag, der Gular og Gneist arrangerte Korona-stemne nr. 2. Even Meinseth vann 200m på 21.46 som er hans beste tid sidan topp-sesongen 2015! Her fekk Sondre Lindaas Gjesdal 22.16 og Daniel Alejandro Johnsen 22.28. På 1500m viste Mats Hauge seg som den sterkaste etter at haren ga seg, og løp på flotte 3:45.92 som er hans nest beste løp gjennom tidene og det beste i Gular-drakt – persen hans er 3:45.07 i Haugesund-drakt i fjor. Marius Vedvik fekk 3:49.00 på andreplass, og både Sondre Hoff (3:57.59) og Matias Førde (3:58.04) kom under 4:00 for første gong.

Same kveld var det seriestemne i Arna, der vår veteransprinter Morten Solheim sette ny kretsrekord på 300m i MV 40 med pene 37.94. Måndag løp Ingrid Kristiansen 800m på Jærcup i Sandnes, og sette årsbeste med 2.12.93 i eit mixløp der ho var raskaste kvinne. I Trondheim laurdag persa Erlend Hognestad Nilsen til 11.19 på 100m, og dermed er også han kvalifisert for NM. Sist søndag løp Christine Bjelland Jensen 100m på 12.51 på Bislett.