Persefest på Fana – og mange nye NM-kvalifiserte!

(12.06.2020) Fredagens Gular/Gneist stemne, som inkluderte Arne Risa 3000m Classic, vil bli hugsa ei stund. Både for skredet av nye persar, fantastisk vêr og som det første større friidrettsstemnet i Bergen etter at det vart letta på Corona-tiltaka. Vi tar det kronologisk slik stemnet utvikla seg:

På 100m viste Even Meinseth nok ein gong at han er klubbens raskaste mann med 10.70 på 100m i lett motvind (-0.4). Andreas Haara Bakketun følgte fint opp med 10.88 som er like bak persen, lenger bak i feltet følgde Sondre Lindaas Gjesdal med 11.14 og Daniel Alejandro Johnsen med 11.19. I B-heatet fekk Sivert Fløgstad Sellevold 11.61 og veteranen Morten Solheim vart klokka inn på 12.04. På 800m for kvinner vann Ingrid Kristiansen med fine 2.13.24, her vart det persar på Tuva Thomassen Fagerbakke med 2:19.99 og Ida Grytaas Forsmo med 2.26.02. I herreheata på 800m var det lite Gularløparar, Kristoffer Grindedal fekk 1:58.91 og Timmi Anderl debuterte på bane med 2:07.06.

Så var det klart for 3000m. Alt i det første dameheatet fekk vi ein soild pers då Ine Bakken tok ein klar siger på 9:36.22, femte best i Gular gjennom tidene og pers med heile ti sekundar. Ine persa for øvrig også på Bislett to dagar tidlegare med 4:37.41 på 1500m. Neste heat var eit mix-heat, der våre jenter delte på drajobben med eit par herreløparar frå Osterøy. På slutten viste Hilde Brennskag seg som den sterkaste med solid pers på 10:11.12. Amalie Joensen fekk 10.13.30 og begge desse løp dermed under NM-kravet på 10:14.99 (Hilde har også løpt under kravet 1500m). I løpet av sesongen trur vi nok at også Ingrid Revheim (10:22.44 i kveld) klarer NM-kravet. I det andre mix-heatet kunne Maria Sæterstøl glede seg over å sjå 10-talet for første gong med 10:58.49.

I A-heatet på 3000m gjorde Ole Lyngbø og vår eigen Mats Hauge ein flott drajobb, og etter 2000m tok Marius Vedvik over. Ein siste 1000m på 2.35 sprengte feltet, og Marius viste at formen er der den skal vere med 7:56.95, hans sjette løp under 8:00 i karrieren. Anfin Rosendahls kretsrekord på 7:53.78 frå 1981 lever farleg denne sommaren også. Marius var faktisk den einaste av dei åtte som fullførte heatet som ikkje sette pers, og det vart sett kretsrekordar både for Sogn og Fjordane og Troms. Begge desse tidlegare fylka er framleis eigne fridrettskretsar for dei som måtte lure på det….

Det var også mange persar i dei neste heata (når vart B-heatet på Fana sist vunne på ei så god tid som 8:16?). Sondre Hoff hang på hardkøyret i B-heatet, og sjølv om dei siste rundane var tunge vart det solid pers med 8:33.22, også det under NM-kravet. Johannes Teigland vann C-heatet på 8:28.54, og her persa også Matias Førde solid til 8:39.90. Også Matias klarer nok NM-kravet på 8:34.99 i løpet av sommaren. Persar vart det også på Ken Tony Johansen med 9:08.91 og Daniel Måkestad Fadnes med 9:48.39, medan Daniel Jacobsen (9:09.90) var litt bak sin pers.

Bildet viser tre glade Gularjenter, frå venstre Ingrid Revheim, Amalie Joensen og Hilde Brennskag.