Sprintarane godt i gang med sesongen

(07.06.2020) Under Norna3- stemnet på Fana i helga fekk vi endeleg sjå store delar av sprintgruppa i aksjon utandørs. Andreas Haara Bakketun var raskast på 200m laurdag med sterke 21.39, berre 5/100 bak fjorårspersen i ørlite motvind og utan å bli pressa av andre. Dette var elles ein solid junior-19 klubbrekord, og det er heller ikkje så langt ned til junior-19 kretsrekorden på 21.18. På 100m vann Daniel Alejandro Johnsen på 11.05 føre Sondre Lindaas Gjesdal med 11.20, Sivert Sellevold vart nr. 5 med 11.61. På 200m var Sondre nærast Andreas og fekk 22.09 som er utepers. Daniel fekk 22.25 på tredjeplass og Sivert 23.05 som ga femteplass. Sivert løp også 400m på søndagen og fekk bokført 51.15.

Vi ser fram til Gular og Gneist sitt stemne på Fana på fredag 12.6, då det er god deltaking både på sprint og mellom/lang distanse!

På bildet ser vi Daniel i tet på 100m. Foto: Jonathan Varela Byrkjenes, Norna/Salhus.