Klubbrekord av Andreas

(04.06.2020) Banesesongen er i fed med å kome i normalt gjenge, og Gular-utøvarane har vore i aksjon mange stader den siste veka. Vi startar på Leikvang onsdag, der Andreas Haara Bakketun sette ny klubbrekord på 300m hekk med 37.21 i sin første konkurranse utandørs i år. Han forbetra dermed Bård Sandal sin 30 år gamle klubbrekord på denne sjeldan løpte distansen med 6 tiandedelar. I kveld var Hilde Brennskag i aksjon på 1500m på Jessheim, der ho vann C-heatet på 4:45.24 som er utepers og like bak innepersen frå i vinter. Jølstringen Matias Førde hadde tatt turen gjennom Våtedalen til treningstemne på Byrkjelo, og pene 15:15.40 er hans beste baneresultat så langt i karrieren uansett distanse. Ikkje kvar dag ein blir nr. 5 totalt på treningsstemne (eller andre mindre stemne) i Sogn og Fjordane på 5000m med ei tid under 15:20 – sist det skjedde må ha vore på 80-talet.

Frå gateløpinga sist veke trekker vi fram Ine Bakken sin flotte 5km under perseløpet på Jessheim der ho vart klokka inn på 16:33 som gav andreplass og var pers med over halvminuttet! Marius Vedvik (14:16, 6.plass) og Johannes Teigland (15:13) hadde ikkje heilt dagen ser det ut for. Vi noterer også at Elise Tveit Venås vann 5km løpskarusell på heimebane i Nordre Land med 19:57.