Sterk 5km-løping i Fana

(25.05.2020) Det var mykje god løping på Gneist sitt 5km løp i Fana i dag. I den flate 5km-løypa var det puljestart med 10 løparar i kvar pulje, og elitepulja for menn trur vi er det sterkaste feltet noko gong på 5km gateløp her i byen. Etter ein hard kamp med triatleten Kristian Blummenfelt måtte Marius Vedvik sleppe rundt 400m før mål og kom inn på 13:54, tre sekund bak vinnaren. Absolutt godkjent sesongstart ute. Nest beste Gularløpar var Sondre Hoff med 10.plass og 14:48, som er det beste han har prestert uansett distanse – og godt under NM-kravet på bane på 14:59.99. Vidare noterer vi 15:13 på Tomas Windheim som er det raskaste han har løpt sidan han la opp som baneløpar for ein del år sidan, og litt lenger bak fekk Ivar Stefansson 15:34. Blant damene var Adele Henriksen best av våre med 17:53 og tredjeplass, på plassane bak hnne kom Hilde Brennskag med 18:08 og Ingrid Revheim med 18:12. Vi minner om NM-kravet på 17:59.99 på 5000m.

Det vart også løpt 3000m to stader i fylket i helga, i Odda fekk Lars-Olav Måkestad Apold 8:53 og Ken-Tony Johansen 9:12, pers på begge, og på Byrkjelo løp Mathias Førde på 9:05.66.