Even i vinden

(23.05.2020) Etter ei lang Corona-pause er heldigvis friidrettskonkurransane i gong igjen! Etter ein vår utan stafettar – der testløp rundt omkring i Sør-Norge er det vi har hatt å lese om på klubbens facebook-side, er no sesongen i gang – litt etter skjema. Først ute denne veka var Ingrid Kristiansen med pene 17:40 på 5km under Forus perseløp på onsdag, her noterte vi oss også at tidlegare Gularløpar Per Svela hang godt med Ingebrigtsen-brørne og kom inn på 13:40. Torsdag var Even Meinseth i aksjon på heimebane på Levermyr stadion i Grimstad. etter å ha varma opp med 7.00 på 60m, vann han 100m på 10.65 (medvind 2.5), 8/100 føre Fana-løparen Filip Bøe. I dag hadde Daniel Alejandro Johnsen og Christine Bjelland Jensen tatt turen til Brumunddal og Ringsaker friidrettsleker. Christine vart nr. 3 på 150m med 18.72 (vind +2.3), medan Daniel fekk notert 16.84 (-2.0) på same distanse. På 300m fekk Daniel bokført 35.72 som gav 4.plass totalt – dette er litt bak persen på 35.06 som vart sett heilt tilbake i 2017.