Storeslem i sprint på UM

(08.03.2020) Under UM i Bærum i helga tok Gular-sprintarane storeslem på sprinten i dei eldste guteklassane. Fasiten vart til slutt heile 4 gull, 2 sølv, 2 bronse og 2 kretsrekordar. I eldste klasse (20-22 år) vart det reint bord (1-2-3-5) på 200m. Her vann Sondre Lindaas Gjesdal på innepers 21.90 (laaangt under utepersen), føre Sondre Faugstad Amundsen (22.03, innepers 22.01 i forsøket) og Daniel Alejandro Johnsen på bronseplass med 22.08 (innepers). Sivert Fløgstad Sellevold vart sist i finalen, men løp under utepersen i forsøket der han noterte 22.94. Det vart også gull og bronse på 60m, her var Daniel raskast med gull og ny pers på 7.00, her tok Sondre A bronse på 7.05 (pers 7.04 i forsøket) og Sondre G femteplass på 7.15 (pers 7.14 i forsøket). Dessutan vart det sølv på 400m til Sivert som fekk notert 50.71. Vi hadde også med Erlend Hognestad Nilsen som vart slått ut i forsøket på 60m i 20-22 års klassen med pers 7.33. Bildet viser pallen på 60m.

Helgas beste Gular-tid stod Andreas Haara Bakketun for då han vann 200m i 18-19 årsklassen og tok tilbake seniorkretsrekorden som no er på 21.44. Gutta (Sondre A, Andreas, Sondre G og Daniel) avslutta med gull og junior-22 kretsrekord på 4x200m med 1:28.71, her løp dei i 18-22 års klassen.