9 Gull på veteran-NM

(01.03.2020) Gular stilte med ein stor tropp under helgas veteran-NM i Leikvanghallen, og det vart rikeleg både med medaljar og rekordar. Totalt vart det 9 gull, 13 sølv og 4 bronse. Geir Storetvedt Skaten (bildet) vart den einaste som tok to individuelle gull, med 2:11.29 på 800m og 4:31.82 på 1500m i MV 45-49. Resultatmessig vurderer vi Lena Hordnes sin 60m på 8.14 som det aller beste, dette er under norsk rekord, men vi har ikkje fått med oss om svenskfødde Lena har skifta pass. Den svenske rekorden i årsklassen er forøvrig betre enn 8.14. På herresida vil vi trekke fram kretsrekordane til Morten Solheim (MV40) og Erik Wagner Larsen (MV75) på 200m og til Leif Bjordal i kule i MV90. Alle Gular-resultata finn ein under.

Dag 1:
KV 75 Lengde u/t 2 Herborg Ninni Blakstad 1.42
MV 40 200m 2 Morten Solheim 24.58 (kretsrekord)
MV 45 1500m 1 Geir Storetvedt Skaten 4:31.82
MV 65 Frank Atle Kvinge: nr 1 Stav 2.05 nr 3 200m 31.87
MV 75 200m nr 1 Erik Wagner Larsen 32.04 (33.16 forsøksheat) (kretsrekord)
MV 75 3000m kappgang nr 2 Arthur Lillefosse 21:57.23 nr 3 Arild Bjørsvik 24:57.58
MV 80 200m nr 2 Kjell Sælensminde 36.15
MV 85 200m nr 2 Harry Tvedt 49.90
Dag 2
KV 40 60m Lena Carina Hordnes nr 1 8.14 (betre enn norsk rekord – men så vidt vi veit svensk statsborgar)
KV 75 Herborg Blakstad nr 1 60m 11.74 Tresteg nr 2 5.59 (ny notering – kretsrekord – inga tidlegare notering i øvinga i denne klassen)
MV 40 60m nr 2 Morten Solheim 7.74
MV 45 800m nr 1 Geir Storetvedt Skaten 2:11.29
MV 55 3000m nr 2 Bjarte Bogstad 10:21.10
MV65 Frank Atle Kvinge: 60m nr 2 9.28, Høgde nr 2 1.36, tresteg nr 2 8.23
MV75 Arthur Lillefosse: Tresteg nr 2, 6.80, og høgde nr 3, 1.06
MV85 60m nr 3 Per Einar Sønnesyn 15.28
MV 80 60m nr 1 Kjell Sælensminde 10.46
MV 90 Kule 1. Leif Bjordal 6.57 (kretsrekord – inga tidlegare notering i øvinga i denne klassen, betre enn norsk rekord med 3kg, men svakare enn norsk rekord med 4kg)
4x200m stafett MV 70 2 Gular 3.02.70
4x200m stafett MV 80 1 Gular 3.34.02