Kretsrekord av Even på 200m

(28.02.2020) Under KW International i Ulsteinvik i kveld sette Even Meinseth innandørs kretsrekord på 200m med 21.52 i eit løp der han vart nr. 2 bak Mathias Hove Johansen frå Skjalg som fekk notert 21.40. Det har blitt svært få 200m-løp på Even dei siste åra, men vi har god tru på at han kan bli første løpar frå Hordaland under 21.00 i sommar – Quincy Douglas sin klubb og kretsrekord frå 2000 på 21.01 har stått lenge nok. Andreas Haara Bakketun vart nr. 3 med 21.95.

I London sist helg tok Johannes Teigland (15.22) og Ine Bakken (17.11) ‘dobbeltsiger’ i eit Park Run- pers på 5km gateløp for begge to.