Kretsrekord av Marius: 7:57.87!

(16.02.2020) Under Pingvinlekene i Leikvanghallen i helga slo Marius Vedvik til med ny kretsrekord på 3000m. Etter flott harejobb av Bjørnar Sandnes Lillefosse kom Marius inn på 7:57.87, som er 2/10 raskare enn Per Svela sin gamle rekord, sett same stad i fjor. Marius går dermed inn på 9.plass på den norske alle-tiders statistikken innandørs. No ventar ein lengre treningsperiode for førdianaren før utandørssesongen startar. På sprintdistansane vart det perstangering og andreplass på Daniel Alejandro Johnsen på 60m med 7.01. På 200m sette Sondre Faugstad Amundsen innepers med 22.32 og tok med det ein klar siger på distansen. Elles vil vi trekke fram Sondre Hoff som var nær den magiske 4:00 grensa på 1500m med 4:00.51 – solid innepers og berre 2/100 bak vinnaren. På 1500m for kvinner vart det andreplass på Ine med 4:41.67 som er like bak innepersen frå tidlegare i vinter. Elles noterer vi fleire fine persar på 1500m og 3000m av unge lovande løparar av begge kjønn – dette lovar bra for framtida!