Sterk 1500m av Marius i landskampen

(09.02.2020) Under helgas nordiske innandørslandskamp i Helsinki leverte alle våre tre deltakarar fin innsats. Marius Vedvik (midt på bildet som er frå NM sist helg) vart nr. 5 på 1500m med 3:47.19, som er innepers og under sekundet bak Kjetil Måkestad sin 10 år gamle innandørs kretsrekord. På 60m vart Even Meinseth nr. 4 på 6.87, like bak persen. Han måtte ha persa for å kome høgare opp på resultatlista. På 3000m vart det fjerdeplass til Bjørnar Sandnes Lillefosse med 8:06.07.

Under Tyrvinglekene inne i helga leverte Ine Bakken eit pent løp på 3000m med 9:58.44 som gav andreplass og innepers (kanskje vi heller skal kalle det inepers?). Vinter 10 (km) gateløpet i Bergen laurdag vart vunne av unge Adele Henriksen på pene 37:26, med Amalie Joensen på tredjeplass med 39:35.