Tre gull på NM inne

(02.02.2020) Det var flott Gularinnsats på NM innandørs i Bærum. Tre gull, eit sølv og to bronse kunne klubben bokføre ved stemneslutt, i tillegg til mange personlege rekordar.

Laurdag vart det eit velfortent NM-gull på 60m til Even Meinseth etter mykje skadeproblem dei siste åra. Tida 6.83 var dessutan perstangering, og berre trenar Erlend Sæterstøl har løpt fortare i Gulardrakt – klubbrekorden på 6.64 vart sett i 1996 – på den tid låg Even i magen til mamma Sølvi! Her vart det også pers til Daniel Johnsen med 7.01 i forsøket, han vart slått ut i semifinalen. Erlend Nilsen vart slått ut i forsøket med 7.38.

På 400m vart det femte og sjetteplass til Sivert Sellevold og Torbjørn Lysne i finalen, men begge løp fortare i forsøket der dei hadde hhv. 50.09 og 49.99. Tor Junor Vedde var under 50 i forsøket, men vart diska.

På 1500m var tempoet relativt roleg frå start. Marius Vedvik var i tet på sisterunden, men .stivna og måtte sjå seg slått av Narve Gilje Nordås frå Sandnes på dei siste metrane. Tida vart 3:55.23 Bjørnar Sandnes Lillefosse vart nr. 4 på 3:56.17. I B-heatet vart det pene tider på Johannes Teigland (4:03.55) og Sondre Hoff (4:04.03).
Søndag vart det bronse til Andreas Haara Bakketun på 200m med 21.57 etter pers 21.67 i forsøket. Andreas var berre 1/100 bak sølvvinnar Filip Bøe frå Fana som fekk med seg kretsrekorden for senior og junior-22 med heim til Bergen, medan Andreas forbetra junior-19 rekorden som han hadde før stemnestart.

På 1500m for damer vart Ine Bakken nr. 8 med 4:43.15, medan Hilde Brennskag løp på 4:44.46 på 11.plass, betre enn utepersen frå ein småkald kveld Skansemyren i fjor haust og ikkje minst – under NM-kravet. På 3000m laurdag vart det 10:06.27 (nr. 6)på Ine og 10:51.28 (nr. 8) på Hilde.

Også på 3000m vart det roleg tempo frå start i det beste heatet. Farten vart gradvis skrudd opp, og då klokka ringte var tidlegare Gular-løpar Per Svela i tet føre Marius og Bjørnar. Marius hadde imidlertid tima spurten perfekt og passerte Per på dei siste metrane. Tida vart 8:23.63, medan Bjørnar tok bronsen på 8:24.29. Sondre Hoff vann B-heatet på pene 8:43.32, nokre tidelar under utepersen. I same heat fekk Johannes Teigland 8:49.88. I C-heatet vart det 9:02.87 på Matias Førde og 9:07.49 på Daniel Jakobsen.

Til slutt tok 4x200m laget heim gullet på pene 1:28.98, berre halvsekundet bak kretsrekorden, ikkje verst utan Even på laget. Våre fire gullvinnarar var Sivert, Andreas, Torbjørn og Tor.