Fin sprint i Leikvanghallen onsdag

(26.01.2020) Hovding arrangerte rulettstemne i Leikvanghallen onsdag. På 200m persa Sondre Lindaas Gjesdal igjen til 22.48 som er betre enn utepersen. På 400m klarte Tor Kringstad Vedde kravet til NM inne med 50.31 på 400m i sin første konkurranse sidan Holmenkollstafetten i fjor. Sivert Fløgstad Sellevold fekk 50.92 på same distanse. Bildet viser frå venstre Sondre, Sivert og Tor. Under Norgeslekene på Hvam løp Ine Bakken eit fint sololøp på 1500m med 4:40.37, under to sekundar bak utepersen frå i fjor. Alle desse fire er med i Gulars store tropp til innandørs-NM i Bærum komande helg, som vi ser spent fram til.

På landevegen vart det andreplass til Ivar Stefansson med 16:06 på Frikarusellen onsdag, berre sekundet bak vinnaren.