Kjempeløp av Bjørnar: 8:02.53 i Leikvanghallen

(19.01.2020) Under Nornalekene i helga leverte Gularløparane fleire sterke prestasjonar. Den beste stod Bjørnar Sandnes Lillefosse for med 8:02.53 på 3000m – vel halvanna sekund betre enn utepersen frå 2017. Etter flott harejobb av Marius Vedvik (2000 på ca 5:23) heldt Bjørnar fram i minst same tempo og avslutta sterkt. Med dette avanserte han til sjetteplass på klubbens alle-tiders statistikk (inne+ute) og pustar no sambygding Sverre Sørnes i nakken på denne lista. På 3000m vart det elles pene tider på Mathias Førde (9:05.25), Daniel Jacobsen (9:10.17), Olav Spikkeland (9:41.20) og debutant (første løp nokon gong) Ida Grytaas Forsmo (11:23.20). Matias Førde løp også 800m på laurdag der han fekk bokført 2:01.32, men informerte kjelder meiner at tida er dårlegare enn kva han eigentleg løp på. Uansett blir ikkje jølstringen ståande med denne tida som årsbeste vil vi tru.

Sprintarane levert også bra. Nyinnmelde Andreas Haara Bakketun vann 200m laurdag(22.10 og klubbrekord junior), føre veteranen Torbjørn Lysne (22.20), vidare fekk Sondre Gjesdal 22.77 og Sivert Sellevold 23.06.
Søndag var Andreas raskaste av våre på 60m med tredjeplass på 7.10, her fekk Sondre 7.27. På 400m vart det andreplass til Torbjørn på 49.94, og tredjeplass og innepers til Sivert med 50.42.

På landevegen noterer vi sigrar til Adele Henriksen (10km 38:15 på Åsaneløpet onsdag) og Johannes Teigland (15:40 på 5km i London).