Per nr. 57 i EM terrengløp

(08.12.2019) Under dagens EM i terrengløp i Lisboa vart Per Svela nr. 57, 2:42 bak den svenske vinnaren i ei løype på 10.2km. Vi trur Per hadde ein plass eit stykke lenger oppe på lista som mål etter ein vellukka treningsleir i USA med Ingebrigtsen-gutta, men det var heilt sikkert nyttig meisterskapserfaring for Per som også har løpt EM innandørs. I 2020 håpar vi å sjå han på start under EM utandørs.

Vi tar også med eit pent løp av Johannes Teigland for eit par veker sidan, 8:47.46 på 3000m innandørs er like bak persen og gav andreplass i studentmeisterskapen for London. Johannes er godt i rute til å ta NM-kravet og dermed kome på start på Fana stadion i juni 2020.