Per og Ine best av våre på raske Hytteplanmila

(19.10.2019) Under Hytteplanmila på Ringerike i dag var nivået kanskje det beste nokon gong på 10km gateløp i Norge. Jakob Ingebrigtsen sine råsterke 27:54 var dagens toppresultat, men litt lenger bak i feltet leverte Gulargjengen mange sterke prestasjonar med tider under persane på bane/veg for dei fleste. Per Svela vart nr 6 totalt (fjerde beste norske) med 29:01. Martin Finne vart nr. 38 med 30:50, Johannes Teigland nr. 62 med 31:29 (godt under NM-kravet på bane!), Lars Olav Måkestad Apold nr. 95 med 32:26, Hallvard Nilsen nr. 137 med 33:27 (nr 6 i menn 40-44 år) og Ken Tony Johansen nr. 232 med 34:50 I dameklassen vart Ine Bakken nr. 11 totalt med 34:59 og Adele Norheim Henriksen nr. 14 med 35:36. Adele vart nr. 3 i 16-17 års klassen.

Frå dei to foregåande helgene tar vi med at Ine vart nr. 9 i terreng-NM i Frognerparken sist helg og Hallvard Nilsen nr. 26 totalt med 33:10 på Norgesløpet helga før der han var nest best i 40-44 årsklassen