Sterkt løp av Ine i Sverige: 36.10 på 10km

(03.10.2019) Her kjem ei litt forsinka oppsummering av aktiviteten i klubben dei siste vekene:

I helga var Ine Bakken i aksjon i Varvetmilen i Sverige der ho vann på pene 36.10 som er pers med rundt halvminuttet. Så til helgas beste prestasjon som kom i Berlin maraton, der Nikolas Jon Aarland gjorde eit godt løp på maraton. Musikaren fann rytmen og kom inn på 2:27.04, som er pers med heile sju minuttar. I Stoltzekleiven Opp var Marius Vedvik raskaste Gularløpar med 9:10 som gav 10.plass. På kvinnesida noterer vi oss at vår tidlegare mellomdistanseløpar Ida Kjelkenes) Vabø fortsatt er sprek – 11:32 no med ‘Legehuset Varden’ som klubb. Comeback på Kollenlaget 2020?

Sist helg var det også KM veteran på Os, der det til slutt vart 20 gull, 8 sølv og 2 bronse til våre spreke karar (+ 1 kvinne) i alderen 65-89 år. Mestvinnande var Frank Kvinge i 65-69 år med 6 gull og Herborg Blakstad i 75-79 år med 5 gull.

Under Oslo maraton litt lenger tilbake i tid vart det på halvmaraton 8.plass til Marius Vedvik med 1:10.38 og 18.plass på Hilde Brennskag med pers 1:28.52. På 10km vart det 34.23 på Lars-Olav Måkestad Apold og 34.38 på Ken-Tony Johansen.

Under oppladinga til Berlin maraton vart Nikolas Jon knepent slått av Ivar Stefansson på Åsane løpskarusell- 33:09 og 33.20 vart tidene og dei tok dei to første plassane og Ivar sikra seg dessutan løyperekorden.