Sterke halvmaratonløp i København

(18.09.2019) Sist helg hadde både Martin Finne og Adele Henriksen tatt turen til København for å løpe halvmaraton. Martin vart nr. 50 totalt med sterke 1:06.56, medan Adele vart nr. 45 totalt i kvinneklassen og vann klassen 15-19 år, dessutan sette ho ny klubbrekord for junior og var under minuttet bak klubbrekorden for senior som Eli Anne Dvergsdal har.

Under veteran-EM i Venezia følgde Erik Wagner-Larsen fint opp gullet på 300m hekk med 4.plass på 400m på pene 70.94, og Arthur Lillefosse vart nr. 8 på 10km kappgang på landeveg med 1:08.00. Begge stiller i 75-79 års klassen.