Gull i veteran-EM

(08.09.2019) Denne veka toppar ein veteran oppsummeringa. Frå veteran-EM i Venezia kan vi melde at Erik Wagner-Larsen laurdag tok ein suveren siger på 300m hekk (68 cm hekkar) i klassen 75-79 år. Tida 55.98 er også norsk rekord for aldersklassen. Svært sterkt av Erik som i yngre dagar fekk med seg 3 sigrar i Holmenkollstafetten, 2 norske rekordar og 1 NM tittel på 4x400m stafett og persar på 49.0 på 400 flatt og 53.9 på 400 hekk. Fredag var jamgamle Arthur Lillefosse i aksjon – og han skriv sjølv: «Så var første øvelse 5000m kappgang over. Er meget fornøyd med 4 pl. Min beste plassering i Veteran EM noensinne. Men bronsemedaljen glapp med 22/100 på målstreken. Tid 36,17,81 mot 36,18,03. Måtte gi tapt for Finsk sisu.» Seinare i meisterskapen skal Erik løpe 400m og Arthur skal gå kappgang på landevegen.

Bildet viser Erik (til venstre) saman med Arne Risa – begge var med på vinnarlaget i Holmenkollstafetten i 1970, 1972 og 1974 – Arne var også med på å vinne i 1976.

I den andre enden av aldersspennet hadde Hovding fire deltakarar under UM på Jessheim. Det vart ein flott pers på 400m til Sivert Fløgstad Sellevold på 400m gutar 18-19 år med 49.78, berre 3/100 bak NM-kravet for senior og under 50 blank for første gong. Han vann B-heatet og vart nr. 5 totalt. På 200m trakk han seg frå mellomheatet etter 23.66 i sterk motvind i forsøket. Sebastian Rolland vart nr. 4 i spyd gutar 17 år med 51.03, og i tillegg vart han nr. 4 i kule med 13.07 og nr. 5 i diskos med 27.06. Eva Moldestad som stiller i 17-årsklassen debuterte på 400m med 63.32 og fjerdeplass og tok dessutan sjetteplassen på 200m med 27.25 i litt for sterk medvind. William Skjoldli vart nr. 8 i lengde gutar 16 år med 5.60 i litt for sterk medvind, og vart slått ut i forsøket på 200m med 26.14 i sterk motvind.

På landevegen vart det oppnådd fleire gode tider denne veka. Martin Finne løp 10km på 30:46 i eit knallsterkt felt i Praha der han vart nr. 32. Her i Norge vart Johannes Teigland nr.3 med 15:34 på 5km under Drammensmaraton, og Ivar Stefansson vann løpskausellen i Åsane over same distanse på 16:10.