Hilde persa på Skansemyren

(03.09.2019) Under sesongens siste ‘Skansen Athletics’, persa Hilde Brennskag til flotte 4:45.55 på 1500m og var dermed berre halvsekundet bak NM-kravet for senior. Flott av NHH-studenten i hennar første sesong med baneløping. På 800m vann Marius Vedvik føre Bjørnar Lillefosse, med 1:56.06 og 1:56.43 var begge like bak persane. 1:53-1:54 burde vere mogleg med litt fartstrening og varmare ver. Ragnar Nersten kom igjen under 2:00 med 1:59.61 og Ken Tony Johansen fekk 2:08.73.