Årsbeste av Marius på 10000m: 29:19.09

(01.09.2019) Klimaet har blitt meir haustleg den siste veka, og i tråd med det har vi resultat både frå bane og landeveg å melde om i veka som har gått. Under Stadionmila i Kristiansand laurdag løp Marius Vedvik på 29:19.09 som er årsbeste i kretsen. Dette kom naturleg nok i skuggen av Sondre Nordstad Moen sin fantastiske norgesrekord på 27:24.76, men var likevel eit steg i riktig retning for Marius form-messig etter at dei siste løpa hans har vore eit godt stykke frå formen tidlegare i sesongen. På Bislett tysdag vart det fine persar både på Sondre Hoff (1:56.26) og Johannes Teigland (1:56.97). Neste år bør begge desse to klare NM-kravet på minst ein av distansane frå 800m til 5000m!

På landevegen vart det fleire gode plasseringar på Knarvikmila. Nikolas Jon Aarland vart nr. 3 på halvmaraton med 1:12.51, Ivar Stefansson vart nr. 2 på 5km med 15:56 og andreplass vart det også til Adele Henriksen på same distanse med 17:41.