Fine persar på junior-NM

(25.08.2019) Oppsummeringa av veka startar på junior-NM i Sigdal som gjekk no i helga. Gular sin tropp på tre deltakarar sette 4 persar på 5 startar, noko som må seiast å vere meir enn godkjent. I spyd persa Sebastian Wichstrøm Rolland til 51.27 og kom dermed for første gong over 50-meteren med seniorspydet, og 17-åringen frå Hovding vart nr. 13 i U20-klassen. Våre to deltakarar på mellom/langdistanse var Hilde Brennskag og Eldar Thomassen Fagerbakke (bildet), begge i U23-klassen. Hilde persa på 1500m laurdag med 4:50.73 som gav fjerdeplass og var like bak persen med 10:41.51 på 3000m som gav sølv på søndagen. Eldar persa til 3:57.01 på laurdag og tok femteplassen på det, søndag vart det sjetteplass på pers 15:13.11. Spesielt på dei lengste distansane trur vi både Eldar og Hilde har ein god del meir inne.

Onsdag var Per Svela og Marius Vedvik i aksjon i eit sterkt 5000m-felt i Dublin, men det vart plasseringar i ‘køen’ for begge to – 13:59.53 på Per og 14:09.33 på Marius i eit løp der vinnartida var 13:28. Same dag var Sondre Hoff i aksjon på Ravnanger og løp 800m på 1:58.61 i eit stemne med mykje vind – avstanden fram til herrane Bjørndal og Mjelde var mykje mindre enn persdifferansen så dette løpet lovar godt for persing utover hausten.