Fin mellomdistanseløping på Norgeslekene

(12.08.2019) Vi startar oppsummeringa av helgas Gular-innsats på Norgeslekene på Jessheim, sidan det var der dei største forbetringane kom. Søndag vart det fine persar på 800m både på Johannes Teigland med 1:57.49 (debut på distansen) og Ragnar Nersten med 1:58.23 (endeleg under 2:00!), medan Sondre Hoff var litt bak pers med 1:59.71. Laurdag persa Johannes til 4:05.08 medan Sondre fekkk 4:05.39. Christine Bjelland Jensen vann 100m og 200m på 12.13 (årsbeste) og 24.61, medan Ine Bakken var nokre tidelar bak 1500-persen med 4:38.80. Bildet viser Johannes og Ine etter eit løp tidlegare i sommar.

I Sandnes løp Even Meinseth andre etappe på 4x100m for Norge under EM for landslag. Dessverre klaffa ikkje vekslingane så godt så Norge vart nr. 10 på moderate 41.33.

Kristoffer Grindedal og Vidar Dahle hadde tatt turen til British Milers Club stemnet i Trafford ved Manchester, og fekk bokført 1:55.72 (Kristoffer, 800) og 3:56.71 (Vidar, 1500).

På Knarvik var det to veteranmeisterskap i helga: Kast-5-kamp og ‘vanleg’ 4/5-kamp. Arthur Lillefosse og Herborg Blakstad, som begge stiller i klassen 75-79 år, deltok begge dagar. I 4-kamp for kvinner vann Herborg, medan Arthur vart nr. 2 i 5-kamp. Resultatlista for kast-5-kamp har vi ikkje klart å oppdrive enno.

Fanaråken Opp hadde ei kortare løype i år på grunn av verforholda. Løpet vart arrangert i den 10km lange reserve-løypa på vegen frå Fortun til Turtagrø med 830m stigning. May Britt Buer vann klart og hadde rundt tre og eit halvt minutts margin til nest beste kvinne.