Medaljar til Per, Jacob og Bjørnar på NM

(04.08.2019) Årets NM i friidrett på Hamar var eit av dei beste på lang tid i godveret ved Mjøsa, med 9 meisterskapsrekordar og mykje flott idrett. Sett med Gular-augo var medaljehausten nær det vi hadde venta, sjølv om vi hadde ønska oss eit par til. Vi enda opp med eit sølv og to bronse, som var det same som på Byrkjelo i fjor. Sølvmedaljen kom på 5000m fredag, der Per Svela hang med teten heilt til Henrik Ingebrigtsen sette opp farten på den siste kilometeren. I spurten om sølvet hadde Per kontroll på Sondre Nordstad Moen og kom inn på 13:55.28. Per sikra seg dermed sitt andre NM-sølv på distansen, det første kom på Ravnanger i 2016. Bjørnar Sandnes Lillefosse viste stigande form og tok femteplassen på 14:13.56, medan Marius Vedvik og Eldar Fagerbakke braut. Laurdag sikra Jacob Boutera seg sin første NM-medalje med 3:46.65 etter eit taktisk klokt løp på 1500m der han ikkje prøvde å henge på hardkøyret til Jakob Ingebrigtsen frå start. Sterkt, spesielt sidan Jacob har vore plaga med skader i oppkøyringa til NM. For berre tre år sidan debuterte Jacob som baneløpar med 9:05.31 på 3000m på same stadion, no er han god for eit minutt raskare, imponerande! Her vart Vidar Dahle nr. 7 på 3:55.97. Den tredje medaljen kom på 10000m søndag, der Bjørnar Sandnes Lillefosse vann eit hardt spurtoppgjer om bronsen på 29:44.98, medan Marius Vedvik vart nr. 5 på 29:59.20 etter å ha gjort mykje av drajobben i ‘hovudfeltet’. Her persa Martin Finne solid til pene 30:47.79 og vart nr. 17 totalt. Vidare vart det fjerdeplass til Christine Bjelland Jensen på 200m med 24.47 (berre 9/100 frå bronsen), og ein flott femteplass til Ine Bakken på 5000m med 17:14.75 i debuten på distansen. Dette løpet kom berre nokre timar etter at ho vart slått ut i forsøket på 1500m. Elles vart det finaleplassar på Ådne Svahn Dæhlin på 800m (nr. 8 med 1:54.76 etter pene 1:52.24 i forsøket), og til Even Meinseth på 100m. Even måtte dessverre trekke seg frå finalen. Sondre Dingsør og Kristoffer Grindedal vart slått ut i forsøket på 800m, og det same skjedde med Torbjørn Lysne på 400m.

På bildet ser vi frå venstre Marius, Per og Bjørnar.