Even nærmar seg NM-formen

(28.07.2019) Neste helg er det NM friidrett på Hamar, pg våre aktive har valt litt ulike måtar å førebu seg på. Nokre har vore i aksjon denne veka, mens andre tar litt fri frå konkurransar før NM. I dag var Even Meinseth i aksjon i Sundsvall på det årlege WindSprint stemnet, og det vart 10.62 (vind +1.3) i forsøket – sidevind ifølge Even som stod over finalen. Dette er berer 1/100 bak årsbeste. Torbjørn Lysne hadde også tatt turen til vårt naboland i aust, vi håpar at han fekk blåst ut ‘rusket’ med moderate 11.21 og 23.13.

På onsdag hadde Per Svela og Marius Vedvik tatt turen til finske Joensuu, og viste bra form med andre og tredjeplass på 3000m (7:55.83 og 7:56.29, like bak årsbeste for begge to). Ådne Svahn Dæhlin løp 800m på 1:52.40 i Belgia laurdag, eit par sekundar bak årsbeste men vi får tru at dette var ei fin utblåsing etter ei lang konkurransepause for veteranen.