Heusden: Per Svela 13:35 på 5000m

(20.07.2019) Som så ofte før hadde Gular løparar med i det velkjende KBC Nacht stemnet i belgiske Heusden, og våre tre musketerar på 5000m løp bra. Marius Vedvik (i midten på bildet frå Arne Risa Classic 2018) fekk det tøft i det sterke A-heatet med vinnartid 13:04 og kom inn på 13:43.67 som likevel er hans nest beste tid på distansen nokon gong. Per Svela (til venstre på bildet) var med i tetfeltet i B-heatet, og vart nr. 4 på 13:35.37. Dette er berre 28/100 bak persen frå tidlegare i år, og han var vel sekundet bak vinnaren i heatet. I C-heatet vart Bjørnar Sandnes Lillefosse nr. 14 på årsbeste 14:07.09. Bjørnar viser fin formstigning etter ein sein sesongstart og burde kunne løpe under 14:00 på NM om to veker.

Vidar Dahle hadde tatt turen til engelske Eltham og vart nr. 8 i B-heatet på 1500m med 3:54.16. Dermed er han nr. 6 på årsstatistikken i Gular. Med tanke på at fleire sterke løparar endå ikkje har prøvt seg på denne distansen i år, ligg det an til beste 1500-nivå i klubben sidan 1988, då det var heile 11 mann under 3:53, med Ove Talsnes sin gjeldande klubbrekord på 3:39.25 på toppen av lista. 8 mann under 3:53 ved sesongslutt burde vere eit realistisk mål.