Flott løping på Bislett – tre nye NM-kvalifiserte

(17.07.2019) Under Sommerstevnet på Bislett i kveld leverte klubbens løparar mange gode prestasjonar, og NM-troppen vart utvida med heile tre mann. På 3000m var ikkje uventa Bjørnar Sandnes Lillefosse best av våre med 2. plass på 8:15.32, noko som lovar bra før 5000m i belgiske Heusden på laurdag. Nest best av våre var veteranen Vidar Dahle, som fekk si første banetid for året med pene 8:24.81 og 7.plass. Eldar Fagerbakke (bildet) persa til 8:30.75 og klarte dermed NM-kravet for senior. Thomas Myklebust Heggøy debuterte på distansen med habile 8:36.09. Sondre Hoff fekk 8:49.65, Lars Olav Måkestad Apold 9:11.62 og Ine Bakken vart nr. 5 i dameheatet med 9:52.24. På 800m vann Ragnar Nersten B-heatet på ny pers 2:00.19. I eit godt 10000m-felt var Martin Finne best av våre med sterke 31:08.63, han har jo løpt på det nivået på gateløp tidlegare, men er ein sjeldan gjest på bane. Nikolas Jon Aarland kvalifiserte seg også til NM med 31:51.51 i sin tredje 10000m for året, flott av musikaren! Johannes Teigland får også absolutt godkjent for 32:22.02 sjølv om han ikkje klarte NM-kravet.