Klubbrekord av Christine: 23.73 på 200m!

(10.07.2019) Denne veka er det Universiade i Napoli, og i denne internasjonale studentmeisterskapen har Gular med to deltakarar: Christine Bjelland Jensen og Even Meinseth. Måndagen vart begge to utslått i forsøket: 10.73 på Even på 100m (vind -0,2, nr 36 av 52 deltakarar) og Christine på 400m (56.38 og nr 29 av 35 deltakarar). Men i dag slo Christine verkeleg tilbake på 200m: Med 23.73 (vind -0.2) i forsøket persa ho med heile 37/100 og sletta samtidig Sølvi Meinseth (mor til Even) sin klubbrekord frå 1989 på 23.77 – Sølvi løp for øvrig to gonger på den tida det året. Dette heldt til tiande beste tid i forsøket, så ein finaleplass kan vere innan rekkevidde. Semifinalen går i morgon. Christine er no på delt 13.plass på den norske alle tiders statistikken og på 4.plass på kretsstatistikken gjennom tidene. Den gamle persen til Christine var sett så langt tilbake som i 2013!

Frå helga tar vi med at May Britt Buer vann Vidasete opp i Feios i Sogn på søndag.